I morgon er eg lukkeleg

Tekst: Cathrine Nitter
En samfunnsrefleksjon.

Eg står opp kvar morgon kl. 0500. Presist. Ingen tid å miste. Eg spring inn på badet, sett håret i strikk, går på toalettet, drar på meg treningstightsen, sports- BHen, pulsbelte, ullsingletten og ei tynn løpejakke. I den rekkefølga. Eg spis ei banan og drikk to glas med vatn. Det et viktig å få i seg ein del væske på morgonen fordi kroppen typisk er dehydrert når ein vaknar. Dette har eg lese mykje om. Eg går ut i gongen, tar på meg joggeskoa og går ut ytterdøra. I dag er det 60 minuttars roleg løpetur som står på planen. Eg kjem heim att, dusjar, kler på meg. Før eg går ut døra på veg til jobb opnar eg kjøleskåpet. Her har eg lagra maten eg gjorde klart kvelden før; kjøleskåpsgraut med quinoa, chiafrø og havre til frukost og ein vegetarisk avokadosalat med pasta, linser og egg. Alt er nøye gjennomtenkt og planlagd.

Eg har sjølvdisiplin få kan måla seg med. Det finst ikkje unntak i mine reglar. Eg trener seks gonger i veka. Et aldri sukker. Lagar all maten sjølv. Den er heimelaga, mest mogleg kortreist.

Helse er mitt livsprosjekt- å gje kroppen det den treng, når den treng det. Eg et ikkje lengre rødt kjøtt då det kan gje tjukktarmkreft. Min onkel fekk det. Det ligg kanskje i familien min. Best å slutte. Eg et ikkje lengre kylling fordi det kan innehalde antibiotikaresistente bakteriar. I ei verd kor antibiotikaresistens er ein reel helsetrussel er det best å slutte. Berre kutte det heilt ut. Godteri har eg for lengst slutta med. Det gir ikkje meir enn ei syntetisk, kortvarig lukke. Eg treng det ikkje. Fine brødprodukt og for mykje frukt kan gjere meg oppblåst. Eg har ikkje rom for oppblåst mage i min travle kvardag. Best å slutte med fint brød, og begrense inntaket av frukt. Eg brukar alltid solfaktor 50, sørger alltid for å få åtte timar med søvn. Eg drikk og røyker sjølvsagt ikkje. Drikk berre vann når eg er tørst. Utan kolsyre sjølvsagt. Vann med kolsyre kan gje meg for mykje salt, og det veit vi jo at ikkje er bra.

I morgom er eg lukkelegEg les bloggar, aviser og fagtidsskrifter. Kva seier forskinga i dag? Og korleis kan eg lage sunn og kreativ mat som tar omsyn til alle mine preferansar samstundes som det tar omsyn til miljøet? Eg les om livsstilssjukdomar. Om kreft. Kreft som mogleg er forårsaka av livsstil. Om osteoporose. Osteoporose rammer i større grad kvinner i nordiske land. Vi veit ikkje kvifor, men kvinner i nordiske land har ofte for lite D-vitamin. Best å ta tilskot av dette. Eg les om luftvegsplager. Best å slutte med hårspray, vaskemiddel og kremar som ikkje er heimelaga. Det er visst like bra å vaske med sitron og eddik.

Eg er sliten. Trøtt. Burde eg trene ein dag ekstra? Er det noko i kosten eg burde justere på? Eg er sliten når eg står opp, trener, er på jobb. Når eg kjem heim har eg berre lysst å leggja meg på sofaen. Men eg veit betre enn det. Eg må berre halda fram. Snart vil det gå over. Når eg har vaska huset, gjort klar maten til i morgon, laga meg middag og lagd fram treningstøyet vil eg føla meg betre. Då er alt gjort. Då er alt klart til eg kan leggja meg. Klar for ein ny dag. Ein ny dag som er identisk dagen i dag. Og dagen i går. Og før det igjen. Eg er ung. Frisk. Rask. Eg vil takka meg sjølv når eg vert eldre.

Vener inviterer meg ut på ting. Skal du vera med å ta eit glas vin? Kino? Fredagstaco? Eg har ikkje tid. Finn ikkje tid. Diverre. Kan ikkje denne gongen. Er med neste gong. Eg har noko eg må ordne til jobb i morgon. Noko eg må lese. Også må eg trene. På planen står intervalla i dag. Også må eg jo gjere klart frukosten til i morgon. Og lunsjen. Og skrive ned handleliste. Skal lage vegetarburger i morgon. Mange ingrediensar. Kjem til å ta tid. Også skal eg jo leggja meg kl. 22. Men de kan jo kome til meg? På vegetarburger? Om de kjem mellom 19 og 21? De treng ikkje ta med noko, nei. Eg fikser alt. Skal handle på spesialbutikk. Få dei beste ingrediensane.

Vennene mine snakkar om gutar, om festen førre helg. Om den morosame, men fjollete kollegaen. Om turen dei planlegg i sumar. Ho eine skal med kjærasten til Danmark. Ei anna har nett vore i Brasil. Ei skal reise på sumarhytte med mor og far. På kanotur. Kva eg skal? Nei. Eg skal no berre vera heime i sumar. Har ingen planar. Eller. Skal til Oslo ein tur, berre. Besøke ei venninne. I ein dag. Fekk ikkje tid til meir. Må jobbe. Har sagt ja til å vera ferievikar. Også trener eg til triatlon. Må ha tid til treninga. Men når det er ferdig skal eg kanskje få reist ein tur heim. Til mamma og pappa.

Eg gler meg til framtida. Då vil eg ha tid til å lese den boka eg fekk til jul. Den om kjærleik. Den skjønnlitterære boka som eg ikkje har tid til å lese no. Nett no er det anna litteratur som står for tur. Populærvitskapeleg litteratur. Og faglitteratur sjølvsagt. Må berre jobbe litt fyrst. Få erfaring. Byggje opp CVen. Må opparbeide meg ein god økonomi. Leggje forholda til rette. Draumar om kjærast. Om familie. Om turar til utlandet. Men ikkje i dag. I dag kan eg ikkje. Har ikkje tid. Ein dag. Så lukkeleg eg skal bli.