Sjølvkjensla

Artikkel

Tekst: Cathrine Nitter. Foto: istockphoto. 

Omgrepa sjølvkjensle og sjølvtillit vert ofte forveksla. I daglegtale nyttast omgrepa om ein annan- det kan vera vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. Medan sjølvkjensla handlar om vår grunnleggjande verdi som menneske- vår oppleving av oss sjølve, handlar sjølvtillit meir om kva vi meistrar- kva vi veit at vi får til, er gode på. Tatt dette i betraktning kan omgrepa på mange måtar sjåast som to dimensjonar av det same, nettopp fordi sjølvkjensle handlar om verdi- min verdi som menneske, og for å kunne kjenna meg verdifull er det viktig å skapa verdi- å vita at eg meistrar noko. Å meistra viktige arena i livet kan gje eit godt grunnlag for å føla seg verdifull.

Sjølvkjensla er på mange måtar vår grunnmur, vår «indre søyle», og handlar om den overordna opplevinga vi har av oss sjølve og kva verdi vi har som menneske. Menneske med god sjølvkjensle er fundamentalt sett nøgd med seg sjølve, samstundes som at dei har evne til å identifisere sine mindre sterke sider som dei treng å jobba med. Ei god sjølvkjensle inneberer å ha eit realistisk bilete av seg sjølve- over eigne karakteristikkar og evner samt sjølvaksept, sjølvrespekt og sjølvverd. Låg sjølvkjensle er motsett. Menneske med låg sjølvkjensle følar ei låg eigenverd,  ei kjensle av å vera grunnleggjande feil, og eit ønske om å endra seg. Låg sjølvkjensle har vist seg å ha samanheng med negativt kroppsbilete, slanking, spiseproblematikk og spiseforstyrringar.

Korleis vi har det med oss sjølve- kva sjølvkjensle vi har, påverkar korleis vi tenkjer, handlar og ser. Er vi grunnleggjande misnøgd med oss sjølve, påverkar dette korleis vi har det i kroppen vår. Menneske med låg sjølvkjensle er ofte svært sjølvkritiske. Å vera sjølvkritisk er i mange høve bra. Dette kan handla om sjølvinnsikt og evna til å korrigere uønskt åtferd for eksempel. Men er ein sjølvkritisk heile tida, kan det verta eit problem.

Mange menneske snakkar om ein «indre kritikar». Alle kan ha ein stor indre kritikar innimellom, men for enkelte er den der heile tida, som ein uboden gjest som aldri går heim att- ein kritikar som heile tida fortel deg at du ikkje er god nok, at du burde vore betre, og at du må jobbe litt betre neste gang. Den som aldri vert nøgd. Når du har vore på trening fortel den deg at du må ta litt hardare i neste gang, og når du har vore på skulen å lese ein heil dag fortel den deg at du bør lese litt meir i morgon. Det var ikkje godt nok. Ingenting er godt nok. Den indre kritikaren gjer deg usikker. Du tvilar på deg sjølve. Den rakkar ned på deg i sosiale samanhengar, fortel deg at «du driter deg ut», at «du er dårlegare enn alle andre». Blikket er retta innover, og tankar rundt kroppen er alltid på- «korleis ser eg ut?», «er eg for tjukk?». Du får aldri pause. Dette er slitsamt, frykteleg slitsamt. Kvifor pratar vi slikt til oss sjølve, når vi ikkje eingong ville sagt dette til vår verste fiende?

Menneske med låg sjølvkjensle er i stor grad ytrestyrt. Med dette meina eg at ein baserer mykje av sin eigenverd på korleis ein presenterer seg utad. Ein vert oppteken av å heile tida presentere si beste utgåve av seg sjølve, og kan for andre opplevast som «feilfri» og «unormalt» flink. Ein ignorerer eigne behov og ønsker for å etterleve antekne forventningar frå omgjevnadene. Ein kamuflerer seg bak ein slik «flink-identitet», nettopp fordi ein opplev at det er vanskeleg å stå fram som seg sjølve, på sine premiss- fordi ein har ein ibuande tanke om at ein ikkje er god nok slik ein er.

Å jobba med eiga sjølvkjensle handlar om å bli meir bevisst. Menneske med god sjølvkjensle kjenner seg sjølve godt- dei veit kva tid dei må slappe av, kva tid dei kan gi litt ekstra og kva tid dei treng å gjere kjekke ting. Dei kan seie nei med god samvit, og vera spontane innimellom-  ikkje alltid vera så innmari pliktoppfyllande. Dei er vener med seg sjølve, eigenkjærlege. Menneske med god sjølvkjensle er meir indrestyrte- dei styrast av ein indre «driv», og er ikkje like opptekne av å heile tida visa si beste utgåve utad- dei tør å vera i verda som seg sjølve, dei tør å «drite» seg ut, seie kva dei meiner og dei lyttar til eigne behov og ønsker. Dei gjer ikkje ting for å «please» sine omgjevnader, men fordi sei sjølve har lyst.

Å jobba med bevisstheita rundt eigne kjensler kan for mange vera svært vanskeleg og tidkrevjande- ein har kanskje gått i mange år og ignorert eige ynskjer, behov og kjensler. Her må ein byrja i det små. Tenk etter neste gong du er sliten og blir sitjande på lesesalen sjølv om du ikkje lengre får innhaldet med deg, eller neste gong du du seier ja til noko du eigentleg ikkje hadde lyst til, eller tid til.

Å bli ven med seg sjølve handlar i stor grad om å behandla seg sjølve som ein ville ha behandla ein nær ven. Om venen din er nedstemt og sliten ville du aldri tvunge vedkomande til å vera med deg på ei hard intervalløkt- du ville heller invitert vedkommande til å ha ein roleg kveld heime, eller gå ein roleg tur, eller prata om kva som mogleg er vanskeleg. Viss venen din ligg utmatta, deprimert på sofaen ville du aldri sagt at vedkommande måtte koma seg opp å gjere noko fornuftig, eller insinuert at han/ho var lat.

Å verta ven med seg sjølve handlar om å kjenne etter- kva følar eg no, kva treng eg, kva vil eg? Er det nokre ting i livet mitt eg må omprioritere for å få det betre? Tenk over kva som tappar og fyller. Kva gir og tar energi i livet ditt no? Viss du har fleire ting som tar energi- kva må du omstrukturere for å kunne få inn fleire av dei tinga som gir deg energi? Psykolog Trond Haukedal seier du kan ikkje ta pengar ut av ein tom konto, og slik er det også med den psykiske helsa vår.

Det er lov å feile innimellom, det er lov å ikkje alltid vera på topp, og det er lov å berre nyte og gi rom for å vera spontan og impulsiv. Det er lov å vera nøgd- å tenkje at eg er meg og det er godt nok. Som Per Fugelli snakkar om så må vi jobbe med «nokpunktet»- nok må vera godt nok. Vi må læra oss å setja strek- ikkje heile tida streva etter det betre.

Flere artikler

Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.
I første halvår av 2023 fikk over 500 norske barn (over 12 år) utskrevet slankesprøyter.

NESTE AKTIVITETER

20. april 2024
Tyrkia
Sterkere sammen (fulltegnet)
22. april 2024
Tromsø
Introduksjon i mindfulness: Finn roen med ROS
2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.